
Norskprodusert bunadsølv fra Sylvsmidja
Myllarguten bunadskniv er ein bestseljar som hyllar den legendariske felespelaren frå Telemark med same namn. Skinnslira har vakre tinnbeslag prega med akantusornamentikk, og eit graveringsfelt til initialar og dato. Den har stropp med enkel splitt for feste på belte eller knapp. Skaftet er laga av masurbjørk som er slipt, olja og polert med presisjon, før knivbladet og tinnbeslaga vert monterte på for hand. Passar til herrebunader over heile landet og er ein ideell gåve å gje.
Tinnkniven er kalla opp etter ein framifrå felespelar: Myllarguten frå Telemark, fødd i enkle kår på 1800-talet.
Han var ei legende som løfta norsk folkemusikk til nye høgder, med tradisjonar som framleis lever den dag i dag.
Kniven er difor ei hyllest til den eineståande musikaren og historia hans, med ei allsidig utforming som passar til alle herrebunader, uansett kvar i landet du kjem frå.
Ønsker du gravering? Skriv hva du ønsker å gravere i kommentarfeltet og velg kniv med gravering.
Storleik: 220 mm
Leveringstid 10 dager